-
Flyfoto av Bryggen. Widerøe
Bryggen som nasjonalt ikon.
I 1944 frykta Det Hanseatiske Museums direktør, Christian Koren Wiberg, at om tyskarane tapte krigen ville kravet om riving av Tyskebryggen melde seg att med full styrke. Vann dei krigen, ville Tyskebryggen vere redda. Eit umogleg dillemma for alle med hjerte for Bryggen og eit nasjonalt sinnelag.
I dette føredraget søker eg å kaste lys over prosessen som måtte til for at Tyskebryggen kunne stå opp att som det nasjonale ikonet Bryggen og verdsarvstatusen frå 1979.
Ved Vigleik Røkke Mathisen, publikumsansvarlig ved Det Hanseatiske Museum.