Argumenterte for riving
Ønsket om å rive kom frå reguleringsplanen som blei vedteken i 1935, og som opna for å erstatte dei gamle bryggegardane med bygningar i funksjonalistisk stil. Denne planen hadde brei politisk støtte, og byplanrådet, leia av Bergens bygningssjef Sverre Madsen, argumenterte for riving. Det var heller nesten inga folkeleg støtte for å ta vare på Bryggen. Framtida til Bryggen var difor heilt uavklart då nazistane sommaren 1940 tok initiativ til å sikre Bryggen som ein del av kulturarvpolitikken sin.
Nazistane hadde ein plan
På seinsommaren 1940 blei SS-Obersturmführer Karl Eugen Dellenbusch ny områdekommissær. Han besøkte Bergenhus, Mariakyrkja og Bryggen og forsøkte å overtale lokale politikarar til å støtte bevaringsarbeidet. Eit forslag frå nazistane var at staten kunne betale for å kjøpe ut eigarane av gardane, slik at Bryggen kunne gjerast om til museum. Eigarane risikerte store økonomiske tap utan kompensasjon, og erstatning frå staten ville gjere det meir realistisk å gjere Bryggen om til museum.
Kunne Bryggen reddast?
Den politiske situasjonen i krigsåra gjorde det umogeleg for politikarane å gå med på ei slik løysing. Saka var difor framleis uløyst då dynamittlasta på skipet «Voorbode» eksploderte på Vågen 20. april 1944. Øydeleggingane var enorme. Å lege dei såra var førsteprioritet, men så kom spørsmålet om kva som skulle skje med alle dei hardt skadde bygningane. Kunne Bryggen reddast?
Den uventa vendinga
To dagar seinare kom antikvariske mynde frå Oslo og Bergen saman for å prøve å finne eit svar, og løysinga blei å opprette ein antikvarisk komité. Komiteen hadde full støtte frå nazistane, men blei hindra av lokale militære styresmakter.
Så skjedde ei svært overraskande vending. Den nest mektigaste mannen i Nazi-Tyskland, Heinrich Himmler, greip inn og gav ordre om at Tyskebryggen skulle restaurerast.
Historia vi ikkje snakkar om
Bergen bystyre vedtok 25. mai 1945 at Tyskebryggen skulle endre namn til Bryggen. I møtet sa ordførar Stensaker at gardane på Bryggen var det ekte norske, og namnet oldnorsk. Stensaker sitt forslag sørgde for at tyskarane si historie på Bryggen blei teia i hel, både den nye og den gamle. Men den ubehagelege erkjenninga av at nazistane aktivt bidrog til å bevare nasjonalikonet og verdsarvstaden, blir det knapt snakka om på Bryggen, sjølv over 80 år seinare
- 1/3
Bradbenken 1944. Nyere KK-samling - 2/3
Bryggen 1925. Fotograf Ralph Wilsons samling - 3/3
Bryggen 1930. Fotograf Atelier KK